Sulitjelma-visor
av
Halvard Arneson.
Til
Sulitjelma arbeiderforening
Pris 10 øyre.
"Dølens" forlag.
Prentad i "Nordlands Folkeblad" Mosjøen.
1907.
Foreningsvisa.
1. Jamen vart det liv i Sulis au - sann,
der kor alle folk til no var dau - sann,
den der nummer-sjauen
snaapt fekk slut paa dauen,
augorne er opne so dei ser - sann,
at her er - sann
her og der - sann
feil og lyte som seg ope ter - sann.
2. Verket sku ha indførdt nummer-skildt - sann,
som sku gjera alting snare gjildt - sann;
tidi kontroleras
verkets peng formeras,
so det kunde veksa i si magt - sann.
Numri no - sann
i fred og ro sann
fekk liggje uforstyra i sit bo - sann.
3. Det var her den 13 januar - sann,
som eit folkemøte der paa Sandnes var - sann,
Berg og Nilsen talad,
so det berre smalad,
atterlyd der kom fra Uddenberg - sann,
der vart gjort - sann
greit og fort - sann,
eit beslut som godt kann kallas stort - sann.
4. Derpaa valdes der ei komite - sann,
som skulde taka ordningi paa se - sann;
paa kvarenda plassen
var dei med paa spasen
i Sandneskomiteen var eg med - sann.
Paa ein prekk - sann,
me alting fekk - sann
net som fot i hoso alting gjekk - sann.
5. No foreningi er snart i stand - sann
medlemstalet femten hundred mann - sann
heve valt seg styre
av dei beste fyre
som dei i sin fylking bita ut - sann.
Takk, det ska - sann
Holmsen ta - sann,
fordi hann hjølpa os paa vegen bra - sann.
Til Arbeidararne.
1. Eg helsar deg, du staute arheidsher
som stend so stø som hermann i gjevær.
Du sikkert vinna vil, um du er vak,
ein siger fyr vor største velferdssak.
2. No er det deg du arbeidsmann det gjeld,
di byrd var tung og tyngde deg som fjell;
no maa du sjaa aa strida, so du vinn
det rum du eige etter retten din.
3. Me var dei smaa vart ofte trakka paa,
vaar løn fekk andre - so me tidt fekk sjaa.
No vil me hava det som er vaar rett,
det er vaart krav, som no me fram hev sett.
© Sulitjelma historielag
|